Uvêr i fjellet og stengde vegar

KOLONNE: Fleire av fjellovergangane er stengde, men over Hemsedalfjellet er det framleis kolonnekøyring. Slik såg det ut like før klokka åtte laurdag morgon

KOLONNE: Fleire av fjellovergangane er stengde, men over Hemsedalfjellet er det framleis kolonnekøyring. Slik såg det ut like før klokka åtte laurdag morgon Foto:

DEL

– Det er eigentleg ein god dag å ha dårleg vêr på, seier Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen til Firda.

Førebels har han ikkje fått mange meldingar om korleis det går med trafikken i uvêret, det meiner han har samanheng med at det ikkje er så mange på vegane i morgontimane på ein laurdag. Og forhåpentleg blir det roleg på vegane – og telefonen – også resten av dagen. Dei fleste brukar køyre på fredag, meiner Molvær.

Men det er meldt skikkeleg ruskevêr også resten av helga.

– Dei som skal aust-vest på søndag bør følge med på vêrmeldingane, seier Molvær.

Dette er status på fjellovergangane halv ni laurdag:

Rv. 7 Hardangervidda: stengt

E134 Haukelifjell: Stengt på grunn av uvær

Fv. 50 Aurland – Hol: stengt

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: kolonne

E16 Filefjell: kolonne på kort varsel

Fv. 53 Tyin – Årdal: stengt

Rv. 13 Vikafjellet: stengt. Her blir det ny vurdering klokka 10

Rv. 15 Strynefjellet: stengt. Ny vurdering klokka 16

Artikkeltags