Rekordinnsamling frå russen i 14 kuldegrader

Innsamling: Piotr Szewczak samla inn pengar for russen. Foto: Eivind Dahle Sjåstad
Artikkelen er over 1 år gammel
– Vi samla inn 137.877 kroner til kreftforeininga og det er rekord frå Oddarussen. Eg trur at Vipps hjelpte oss, seier russepresident Johannes Borge.
For russen i Odda er det ein sjølvfølge å støtta «Krafttak mot kreft», og i februar gjekk dei frå dør til dør. På bøssene kom det kontantar som vanleg, men Borge trur at rekorden kom frå den digitale innsamlinga.
– Alle var ute og gjekk i minus 14 grader, og alle fullførte, legg Marthe Sandal til.
Les også: - Det er den viktigaste russeknuten
Les også: Politiet rosar den lokale ungdommen