Bil smadra gjerdet til Lars Werner: – Heilt surrealistisk å sjå på

Bilen begynte å gli då sjåføren var gått ut. Nedst i byggefeltet knuste den gjerdet til Lars Werner Solheim på veg utfor stupet og ned på gang- og sykkelstien. Bilferda ved Plassaneset enda utruleg nok godt. (Foto: Privat).

Bilen begynte å gli då sjåføren var gått ut. Nedst i byggefeltet knuste den gjerdet til Lars Werner Solheim på veg utfor stupet og ned på gang- og sykkelstien. Bilferda ved Plassaneset enda utruleg nok godt. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 1 år gammel

– Ferd på sikkert 150 meter.

DEL

KVINNHERINGEN: Måndag morgon blei Lars Werner Solheim vitne til noko som kunne gått langt verre.

Solheim hadde vore i Rosendal på morgonkvisten. På veg heim til Skeishagen valde han å setja bilen frå seg ved hovudvegen på grunn av det glatte føret.

– Eg gjekk langs grøfta på veg opp til huset mitt. Det var spinnglatt i vegbanen. Då eg kom opp i tunet, kikka eg opp og såg bilen ovanfor meg i byggjefeltet, forklarer Solheim til Kvinnheringen, og held fram:

– Først ser eg ein person gå ut av bilen, så begynner den å gli.

Ifølgje Solheim var ferda på rundt 150 meter.

– Den følgde vegen heilt ned til huset mitt og over eigedomen min, før den smadra gjerdet og landa på gang- sykkelstien ved hovudvegen her. Den blei ståande med baken på asfalten og med frontlysa opp mot himmelen. Hadde det ikkje vore for lyktestolpen, ville den landa midt i hovudvegen.

– Var det folk i nærleiken?

– Nei. Heldigvis ikkje. Det første eg tenkte på var at det kunne gå folk på gang- og sykkelstien nedanfor. Eg ser ikkje rett ned på den, så eg ropte alt eg kunne for å åtvara dersom det var nokon der.

Det var altså ingen i bilen då den glei ned vegen i byggjefeltet og til slutt smadra gjerdet og forsvann over kanten. Solheim beskriv det som ei surrealistisk oppleving.

– Dette var berre fem minutt etter at skulane hadde begynt. Eg trudde bilen skulle stoppa, men det gjorde den jo ikkje, seier Solheim, som stod rundt ti meter frå bilen då den kom over eigedomen.

DENNE SAKEN ER HENTET FRA KVINNHERINGEN

Artikkeltags