Ein mista førarkortet og fleire fekk førelegg

Laserkontroll: Det var i helga to kontrollar i Røldal.

Laserkontroll: Det var i helga to kontrollar i Røldal. Foto:

DEL

Fredag føremiddag hadde ein patrulje frå UP og Hardanger lensmannsdistrikt laserkontroll i Røldal. Høgste hastigheit vart målt til 72 km/t i 50-sona.

– Det vart skrive ut 16 forenkla førelegg, opplyser etterforskingsleiar Paul Henriksen og legg til at det vart skrive ut fem forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon.

Søndag føremiddag var det på nytt laserkontroll i Røldal. Denne gangen var kontrollen i 60-sona, og det vart skrive ut eitt forenkla førelegg.

– Eitt førarkort vart beslaglagt. Høgste hastigheit var 91 km/t i 60-sona, fortel Henriksen.

Artikkeltags