Politibil i front-mot-front i Røldal

Slik såg politibilen ut etter kollisjonen.

Slik såg politibilen ut etter kollisjonen. Foto:

Naudetatane rykka søndag ut til Røldal etter ei kollisjonsulykke som involverte ein politibil

DEL

– Alle er ute av køyretøy, skriv 110-sentralen i Hordaland i ei melding om ei trafikkulykke ved Røldal Skisenter.

Vest politidistrikt melder på Twitter 11:41 at den eine bilen involvert i kollisjonen var ein politibil, som ikkje var under utrykking.

Patruljen melder at ingen er skadde, men at det er ein del materielle skadar.

Vegtrafikksentralen skriv at det er redusert framkomst på staden, og fare for kø.

Operasjonsleiar ved Vest politidistrikt seier til HF kvart over tolv at ein no ventar på bilberging på staden.

– Begge bilane må tauast vekk, seier han.

Vest politidistrikt melder like før klokka eitt at begge bilane er fjerna.

Tips Oss
TIPS: Send e-post , SMS/MMS: kodeord TIPSHAF + tekst/bilde til 2470, Telefon: 53 65 06 20 Send video

Artikkeltags