RFC avlyst

Laurdag låg tåka i Håradalen, og av omsyn til tryggleiken vart Røldal Freeride Challenge (RFC) avlyst. Dermed vart Synnøve Medhus vinnaren i kvinneklassen.

DEL

- Tåka ligg tjukt i Tredjerenna og det varsla regnværet har slått inn tidligare enn me håpte på, seier Eirik-Sondre Husby til Hardanger Folkeblad laurdag morgon.

Rundt 70 deltakarar var melde på til årets Røldal Freeride Challenge (RFC). Kvalifiseringa fredag gjekk som planlagt i Tredjerenna oppe i Røldal skisenter.

- Resultata frå dag ein står, og me gratulerar Tobias Bjønnes, Synnøve Medhus, Idar Østerhus og Maria Bøe med siger i årets RFC. Synnøve tek sigeren for andre året på rad, tett etterfølgt av Kamilla på andre og hytterøldøl Vilde Fimreite på tredje, fortel Husby, som er arrangør og leiar for RFC.

Synnøve Medhus tok sigeren for andre året på rad

Synnøve Medhus tok sigeren for andre året på rad Foto:

Han legg ikkje skjul på at det er stas med fleire lokale på pallen.  Fredag var Husby nøgd med innsatsen til deltakarane, og målet var å gjennomføra laurdagen som normalt.

- Trist å avlyse, men sånn er det. Me er avhengige av flyvêr for tryggleik, og det hadde vore uforsvarlig å senda deltakarane opp i dette vêret, kommenterer Husby.

Artikkeltags