Motorsykkel hamna utføre vegen

DEL

Klokka 13.15 måndag vart Hardanger lensmannsdistrikt varsla om ei trafikkulykke på gamlevegen over Røldalsfjellet. I ein krapp sving hadde ein motorsykkel køyrd rett fram, og hamna utføre vegen.

– Føraren var skadd i nesa, men elles oppegåande og vart frakta til Odda sjukehus, seier politibetjent Ingvild Bergsbakken.

Fordi det var personskade har dei oppretta sak, men det er ikkje mistanke om rus.

Sjåføren var ein utanlandsk turist.

Artikkeltags