Bil køyrde i fjellveggen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Like før klokka 16 fredag vart Hardanger lensmannsdistrikt varsla om at ein bil hadde kome over på motsett sida av vegen og køyrt inn i fjellveggen ved Hamre i Røldal.

Les og: Stoppa verstingane

Politi og brannvesen rykka ut, men det vert ikkje oppretta straffesak.

– Bilen var totalvraka. Føraren var uskadd, men hadde nokre merke etter bilbelte og på hendene, opplyser politiførstebetjent Bodil S. Nakkerud.

Eit par timar etter denne hendinga vart politiet varsla om at ein motorsykkel hadde velta ved Vintertun. Føraren var uskadd, og politiet rykka ikkje ut.

Artikkeltags