Årets drivstoffvinnar

VINNARKAKE: Dagleg leiar for Shell Røldal, Marianne Turtveit (29) kan jubla. Ho styrer den Shell-stasjonen her i landet med størst auke i drivstoffsalet frå 2015 til 2016. – Det skuldast den svært gode sommarsesongen i fjor, seier Marianne.  Foto: Privat

VINNARKAKE: Dagleg leiar for Shell Røldal, Marianne Turtveit (29) kan jubla. Ho styrer den Shell-stasjonen her i landet med størst auke i drivstoffsalet frå 2015 til 2016. – Det skuldast den svært gode sommarsesongen i fjor, seier Marianne. Foto: Privat

Av dei vel 400 Shell-stasjonane her i landet var det stasjonen i Røldal som hadde størst prosentvis auke i drivstoffsalet i fjor.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Hardanger Folkeblad i ein heil månad for BERRE 1 kr!

Fredag var det markering på stasjonen i Røldal med kaffi og kake til kundane. Sjølve prisen fekk stasjonen tildelt på bransjetreff i Budapest.

– Det må smaka å verta best i landet. Gratulera med pris!

– Takk! Det er kjekt, svarar Marianne Turtveit (29), dagleg leiar for Shell Røldal.

Ho er ikkje i tvil om at trafikkauke i form av den store sommartrafikken i fjor er årsaka til den store salsauken på drivstoff.

Lang sommarsesong

– Sommarsesongen varte jo heilt frå mai og til langt utover hausten i fjor med Trolltunga og alt som er, seier ho.

Ho trur òg ein medviten prisstrategi frå Shell med ikkje meir enn 40 øre over stasjonane på Haugalandet, har fungert godt.

I vest er det Kyrping som har den næraste Shell-stasjonen. I aust er det Edland.

Familieeigd stasjon

Familien Turtveit har hatt forhandlarstasjon dei siste 26 åra, og verkstad og bilberging dei siste 30 åra.

– Ein kjenner litt ekstra på det då, meiner Marianne.

Ho har vore mykje på stasjonen opp gjennom åra.

Bror til Marianne driv verkstad og faren Ove driv mest med bilberging.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Marianne har hatt rolla som dagleg leiar for bensinstasjonen i fleire år no, og har delteke på bransjetreff fleire gonger. Først var ho alltid yngst, men no møter ho stadig fleire jamaldrande.

– Fire-fem-hundre personar reiser på desse treffa. Der møter ein kollegaar. Det er kjekt. Shell kallar dei Kick off, fortel ho.

Marianne fekk overlevert prisen i Budapest for om lag 14 dagar sidan.

Auke i butikken òg

Stor auke i sommartrafikk og turiststraum mot fjordane i vest, førte òg til auke i butikksalet, slik at både butikk og drivstoff fekk seg eit jump oppover.

På stasjonen er dei fire faste som jobbar skift, åleine i periodar, men fleire samtidig i feriar og utfartshelgar.

Når Rogaland har ferie merkar ein det godt i Røldal.

– Då er det alltid mykje folk rundt i bygda, seier Marianne.

Ho jobbar mykje med å halda butikken full av varer, skiftplanar og nye kampanjar.

– Det er kjekt å jobba med folk. Det blir aldri like dagar, seier ho på telefon frå stasjonen i Haukelivegen 34.

Artikkeltags