Kvinne ringte til politiet – sa at naboen hadde angripe sambuaren

DEL

Politiet fekk i 13-tida onsdag melding om ein som gjekk til angrep på ein annan i Røldal.

- Det var eit dame som ringte inn og fortalte at sambuaren hennar hadde blitt angripe av ein nabo, fortel Paul Henriksen ved Hardanger lensmannskontor.

Politiet rykka ut til Røldal, og det vart gjennomført avhøyr på staden.

- Det var litt ulike versjonar om kva som hadde skjedd, seier Henriksen.

Han opplyser at det vil bli skrive anmeldelse om tilhøvet.

Artikkeltags