Når ei uønskt hending skjer, kjem familien din til å klare seg heilt sjølv?

Med eit lite reservelager av det du treng aller mest  – vatn, mat, medisin og varmekjelder – er du betre rusta til å klare deg sjølv nokre dagar. 

Med eit lite reservelager av det du treng aller mest  – vatn, mat, medisin og varmekjelder – er du betre rusta til å klare deg sjølv nokre dagar. 

Av

Ikkje alle er førebudde på å klare seg utan vatn og straum i tre dagar eller meir. Men Røde Kors har fleire gode råd du kan følgje.

DEL

MeiningarDei fleste av oss er heilt avhengig av straum i kvardagen, til varme, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange misser både straum og reint vatn, og det kan bli vanskeleg å få tak i naudsynte varer. I eit slikt scenario bør du vere førebudd.

Med eit lite reservelager av det du treng aller mest – vatn, mat, medisin og varmekjelder – er du betre rusta til å klare deg sjølv nokre dagar.

Røde Kors har allereie i fleire år sett fokus på beredskap, på mange område. I år vil Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap stelle i stand Noregs første «Eigenberedskapsveke», mellom 28. oktober og 3. november.

Røde Kors vil då hjelpe til med å setje søkelys på eigenberedskap i endå større grad enn vanleg.

Eigenførebyggjing handlar om nokre få logiske ting, som ikkje krev mykje av oss. Det handlar om å vedkjenne at kvar enkelt av oss kan bli involvert når uønskte hendingar skjer.

Og det handlar om å forstå at dei negative konsekvensane av uønskte hendingar kan bli vesentleg redusert om ein er budd. I krisesituasjonar er det slik at om du ikkje er livstruande sjuk eller skadd, kan du ikkje forventa å få hjelp med ein gong.

Alle som ikkje er livstruande sjuke eller skadde, må faktisk klare seg sjølve i tre dagar om viktige infrastrukturar i samfunnet vert sette ut av spel. Eigenførebyggjing handlar difor aller mest om korleis desse tre dagane skal bli, for deg og dei du er glad i.

De kan enten vere budde på den uønskte hendinga, og klare dykk ganske greitt gjennom ellers ugreie tilhøve. Eller så kan de vere ubudde, og oppleve problem som de godt kunne vore forutan, og som kunne vore førebygde – med minimal innsats. Til dømes kan krisa fort bli stor utan varme. Vi klarar oss faktisk lenger utan drikke enn utan varme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Men utan jamn tilførsle av trygg drikke, kjenner vi det fort på kroppen. Mangel på drikke vil føre til fleire farlege komplikasjonar, som ofte startar med nedsett konsentrasjon og vurderingsevne. Du klarer deg ei stund utan mat, om du må. Men behageleg er det ikkje, og det kan fort bli utrygt.

Dersom du erkjenner at uønskte hendingar kan inntreffe, og du forstår at du kan gjere noko for å vere betre budd, finst det heilt konkrete tiltak du kan gjere.

Du må ha varme klede og sko tilgjengeleg i heimen din, og du bør vurdere alternative varmekjelder. Du må og ha nok mat og drikke til deg og dine for minimum 4-6 dagar, og du bør ha tilgang til kontante pengar.

Dette er nokre av de totalt 16 heilt naudsynte tiltak Røde Kors rår til at alle fylgjer, slik at ein er budd når noko alvorleg skjer.



Artikkeltags