Måtte følgjast ned frå fjellet på nattestid

Snø: Turistane møtte snøvêr i fjellet.

Snø: Turistane møtte snøvêr i fjellet. Foto:

Politiet fekk tysdag ettermiddag melding om to svenskar som var vêrfast på tur til Trolltunga.

DEL

– Det kom snøvêr og dei var ikkje godt nok kledd. Då tok dei seg inn i nødbua i Floren, og Tyssedal Røde Kors vart varsla, fortel Nina Lysfjord-Storø ved Hardanger lensmannskontor.

Røde Kors var framme ved nødbua om lag 20.45, og fyrte opp slik at turistane fekk varmen i seg.

Dei gjekk deretter ned att, og trengde ikkje legetilsyn.

Svenskane vart transportert av Røde Kors til Tyssedal, der dei hadde parkert bilen sin.

Aksjonen vart avslutta klokka 01.30, informerer Tyssedal Røde Kors på Facebook.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken