Trafikkuhell på Riksveg 13

Vegen blei stengt etter uhellet.

Vegen blei stengt etter uhellet. Foto:

Naudetatane er på veg ut til eit trafikkuhell mellom Stanatunnelen og Skarvabjørgtunnelen.

DEL

- Vegen er stengt på grunn av trafikkuhell, melder vegtrafikksentralen.

Karl Arne Røyseth, operatør i 110-sentralen i Hordaland, fortel at det er ein trailer som har køyrt utfor vegen.

- Det står bra til med føraren, seier Røyseth.

8.40 melder politiet at dei er på staden, og at det ikkje er personskade.

- Lastebilen har køyrt inn på ein rasteplass etter uhellet, og er ikkje til hinder for trafikken, skriv dei.

Alle naudetatane rykke ut.

Alle naudetatane rykke ut. Foto:

Artikkeltags