Startar ny kommune med to ulike søppel-løysingar

Renovasjon: Held fram som før i ny kommune.

Renovasjon: Held fram som før i ny kommune. Foto:

Renovasjonsordninga i Jondal og Ullensvang held fram som før i den nye kommunen. Ordninga i Odda blir også vidareført.

DEL

Det skriv prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl på Ullensvang kommune sine nettsider.

Fellesnemnda har fatta vedtak om at Ullensvang kommune skal ha renovasjon som kommunal teneste. Jondal og Ullensvang er i dag medlemmer i Indre Hordaland Miljøverk (IHM), og prosjektleiaren skriv at arbeidet med utmelding er i gang, men ikkje sluttført.

– Det er uvisst kva tid ei utmelding kan gjennomførast. Slik det kan sjå ut no, vil vi antakeleg starta ein ny kommune med dei løysingane kommunane har i dag; IHM for Jondal og Ullensvang, og Ullensvang kommune for Odda, skriv Jondahl.

Ny verksemdleiar

Målet er å komma over på eigen regi så snart det er praktisk mogleg, i tråd med vedtaket i Fellesnemnda.

Det skal no bli tilsett ein verksemdleiar for renovasjon, som saman med avdelinga og kommunalsjef skal førebu og gjera naudsynte tiltak for å handtera heile den nye kommunen i eigen regi.

Avslutningsvis oppmodar den nye kommunen til kjeldesortering:

– Det er bra for miljøet, og høg grad av restavfall gir høgare avgifter. Sorter godt!

Artikkeltags