Reiselivsnæringa på Vestlandet samlar seg i eige hus

Av

Fjord Norge AS, Fjord Tours AS og NHO Vestlandet etablerer eit eige Reiselivets hus i Bergen.

DEL

Målet er at Reiselivets hus skal bli eit regionalt kompetansesenter for og om reiselivet på Vestlandet.

– Det har aldri vore viktigare å samla reiselivet i eit felles arbeidsfellesskap, skal me sikra ei berekraftig utvikling gjennom felles mål, innovasjon, kunnskapsdeling og samarbeid, seier administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge.

Reiselivsnæringa på Vestlandet sysselset nærmare 25.000 menneske og hadde ei omsetning på 41 milliardar kroner i 2018.

Reiselivets hus blir etablert på Nøstekaien i Bergen, og det er venta at fleire reiselivsselskap blir med på flyttelasset.

Artikkeltags