28 elevar har vore heime frå skulen - no er ein ny og større båt på veg

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Båten Tornerose har plass til 48 passasjerar, og skal frakta folk forbi rasstaden mens vegen er stengt.

DEL

Tysdag vart båten Pilagutt, med plass til 12 personar, sett inn mellom Grimo og Utne for å frakta folk forbi raset som gjekk måndag kveld. Tysdag ettermiddag er det klart at vegen held fram å vera stengt heile veka, og Statens vegvesen og Skyss har derfor rekvirert ein større båt som no er på veg til Utne.

Vegen opnar tidlegast måndag: Klatrelag må inn for å bolta i fjellet 

- Tornerose tar 48 passasjerar, og vi er no i løpande dialog med Vegvesenet og Skyss om korleis vi skal setta opp rutene til den båten, seier rådmann i Ullensvang herad, Magnus Steigedal.

Heradet held fram med å køyra Pilagutt fram til klokka 17 tysdag, og vil snart ha ei avklaring på om også den kjem til å halda fram med å gå vidare utover veka.

- Rutetidene blir oppdatert på våre heimesider, seier Steigedal.

Skuleskyss

Tornerose blir mellom anna sett inn for at dei 28 elevane på Hauso skule som bur på nordsida av raset skal komma seg på skulen. I dag har dei vore heime.

- Det er og ti elevar på SFO som vi prøver å finna ei løysing for, seier Steigedal.

Han strekar under at dei dessverre ikkje kan dekka alle sine transportbehov, men at det blir prioritert at folk får komma seg til og frå skule og arbeid.

Rune kom kjørende rett inn i rasområdet: – Det røyk fortsatt av steinene 

- Ein må nok forventa litt ventetid, og tilpassa seg rutene, seier han.

Heradet har brann og beredskap, samt abulanse på nordsida av raset.

- Beredskapen er tatt hand om, og vi er i løpande kontakt med Fylkesmannen om det, seier rådmannen.

Artikkeltags