Mangelfull oppfølging av rassikring og skredvern

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ingen av dei tre vegkontora og fire driftskontaktane til Statens vegvesen i Region vest kan dokumentera at dei etterlever krava til oppfølging av skredsikrings- og skredverntiltak. Det viser tilsyn Vegtilsynet har gjort.

DEL

- Tilsynssaka viste at ingen av driftskontaktane kan dokumentera at dei inspiserer og driftar skredsikrings- og skredverntiltaka i tråd med krav. Dette kan medføra at funksjonen ikkje blir haldne oppe over tid, og at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett, noko som kan føra til fare for trafikantane, heiter det i ei pressemelding frå Vegtilsynet.

Vegtilsynet er den statlege eininga som kontrollerer og fører tilsyn med at Statens vegvesen og Nye Veier AS oppfyller krava til tryggleik knytt til riksvegnettet.

Undersøkinga omfattar vegseksjonen Voss og Hardanger, vegseksjon Fjordane og vegseksjonen Haugesund, og er ein del av eit større tilsyn med skredsikring og skredvern rundt om i landet.

(©NPK)

Artikkeltags