Posten åtvarar mot svindel

Av

Posten har fått daglege meldingar i samband med svindelforsøk i sommar. Fleire har fått SMS om pakkar dei ikkje har bestilt.

DEL

Irene Karlstad Aase er blant dei som har vorte prøvd svindla, skriv NRK. Ho fekk ein SMS med beskjed om at pakken var sendt til Oslo, men at ho måtte betale eit gebyr for han for å få den sendt vidare.

– Ifølgje meldinga var pakken kommen til Oslo, men den vart ikkje sendt vidare før eit gebyr på 19 kroner vart betalt.

Dei kontakta både Posten og Nordea og fekk beskjed om at det var svindel.

– Nordea opplyste at dei hadde registrert firmaet og lagt inn ei merknad, slik at betalinga ikkje går gjennom. Fleire kundar hadde ringt om det same, seier ho.

Posten åtvara kundane på Facebook tidlegare i sommar, men får framleis meldingar om svindelforsøk.

– Kundeservicen i Posten får dagleg ei rekkje førespurnader om desse SMS-ane. Svindlarane vert stadig meir utspekulerte og nyttar både SMS og e-post som kanalar, seier pressesjef i Posten, John Eckhoff.

Artikkeltags