Ny ordning gjer det enklare å melde flytting

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Nordmenn på flyttefot kan no melde adresseendring til Folkeregisteret og Posten samtidig på Postens nettsider.

DEL

Tidlegare har det vore nødvendig å melde om flytting både til Folkeregisteret, som Skatteetaten har ansvaret for, og Posten kvar for seg. Dobbeltarbeidet er det no slutt på.

– Denne løysinga er eit godt døme på eit vellykka digitaliseringssamarbeid som gjer kvardagen enklare for brukarane, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Med den nye løysinga kan brukarane på posten.no gi samtykke til at Posten deler adresseendringa med Folkeregisteret. Årleg får Posten over 650.000 flyttemeldingar, medan Folkeregisteret får 500.000.

Fellestenesta forenklar og effektiviserer brukarkvardagen, slår konsernsjef Tone Wille i Posten fast.

– Tenesta er enkel og tidssparande for dei som skal flytte, og sikrar både oss og Skatteetaten data med høgare kvalitet. Vi er svært fornøgde med samarbeidet, seier Wille.

Artikkeltags