Tale og Oddgeir vil ha dine spørsmål til politikarane

Turné: Tale Hauso og Oddgeir Øystese kjem tysdag til Kinsarvik og Eidfjord. Dei vil stille dine spørsmål til politikarane.Foto: NRK

Turné: Tale Hauso og Oddgeir Øystese kjem tysdag til Kinsarvik og Eidfjord. Dei vil stille dine spørsmål til politikarane.Foto: NRK

Tysdag arrangerer NRK valdebattar i Eidfjord og Kinsarvik. Dei vil ha dine spørsmål til lokalpolitikarane i indre Hardanger.

DEL

Fram mot valet 9. september skal NRK Hordaland arrangere valdebattar i alle kommunane i fylket. Tysdag står Indre Hardanger på programmet.

– På morgonen skal vi til Eidfjord. Der blir cruise og turisme tema. Lar kommunen masseturismen øydelegge naturen, skal politikarane diskutere, seier programleiar Tale Hauso.

På ettermiddagen går turen til nye Ullensvang og Kinsarvik.

– Valet der er ekstra spanande på grunn av samanslåinga. Der blir hovudtema by og land. Blir nokre område overkøyrd? Det blir spanande å sjå kva politikarane meiner, seier Hauso.

Programleiarane ber og publikum om å sende spørsmål.

– Vi skal få fram kva som er viktigast i desse vala.

Artikkeltags