I helga nominerte Raudt-utsendingar frå heile Hordaland og Sogn og Fjordane felles valiste til fylkestingsvalet i 2019. Dei to fylka blir slått saman til Vestland fylke frå 2020.

- Med mange nye medlemmer og lokallag og gode meiningsmålingar satsar Raudt Vestland på eit brakval og fleire nye representantar i det nye Vestland, skriv partiet i ei pressemelding.

Jeanette Syversen, leiar i Raudt Bergen er nominert på 1.plass, framfor Terje Kollbotn, som i dag er fylkestingsrepresentant.

På dei neste plassane fylgjer Ingeborg Hordvik frå Austrheim, Anders Hamre Sveen frå Stryn, Erica Restoften frå Bergen, Einar Rysjedal frå Høyanger og Bente K. Øien frå Lærdal.

Mellom dei 72 nominerte på vallista til Raudt Vestland finn vi frå Hardanger i tillegg til Kollbotn Håvard Gjerde frå Kvam på 19.plass, Andreas Jacobsen frå Odda på 37.plass, Sindre Måge frå Ullensvang på 43.plass og Solveig Våde frå Tyssedal på 49.plass.