Hestetun (Ap) skal leia fellesnemnda for Vestlandet

Skal førebu: Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) skal leia fellesnemnda for samanslåing av fylkeskommunane.

Skal førebu: Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) skal leia fellesnemnda for samanslåing av fylkeskommunane.

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) skal leia fellesnemnda for samanslåing av fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

DEL

Det vart bestemt då fellesnemnda for første gong var samla til møte på Flesland måndag. Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling blir nestleiar i fellesnemnda for storfylket.

Den nye nemnda er sett saman av fylkesutvala i dei to fylka og skal førebu samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Dei to fylka skal slåast saman frå 1. januar 2020.

Fellesnemnda for det nye storfylket skal fungera fram til nytt fylkesting blir konstituert i november 2019, heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Artikkeltags