Lysbakken i Eidfjord: - Vil ta kontroll over cruisetrafikken

Audun Lysbakken var og i Odda denne veka.

Audun Lysbakken var og i Odda denne veka. Foto:

Av

Ei konsesjonsordning etter amerikansk modell gir betre kontroll over cruisetrafikken til Noreg, meiner Sosialistisk Venstreparti. Partiet vil ha Stortinget med på forslaget når dei folkevalde møtes igjen til hausten.

DEL

Konsesjonsordning vil bety at styresmaktene auksjonerer ut ei avgrensa mengd cruisekonsesjonar kvart år, skrivKlassekampen.

– Krav me vil stilla, er knytt til å få vekk utslepp frå skipa, til dømes til bruk av landstraum, sa SV-leiar Audun Lysbakken til avisa då han besøkte Eidfjord denne veka.

Staden inst i Hardangerfjorden får besøk av 90 cruiseskip denne sesongen. Over 2.400 cruiseskip kjem til norske hamner i år, viser tal Nynorsk pressekontor har henta inn.

SV vil også krevja at cruiseaktørane forpliktar seg til å bruka lokalt næringsliv, som lokale guidar og lokale innkjøp.

– Me vil ha turistar, men folk må oppleva å få noko att, seier Lysbakken.

Debatten om cruiseturisme har også i sommar prega det offentlege ordskiftet. I Stavanger har førstekandidat for Raudt Mímir Kristjánsson gjort cruiseturisme til ei hovudsak. Ap og Venstre har også engasjert seg, og nyleg varsla næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) tøffare krav til cruisetrafikken.

Artikkeltags