Har stifta nye Ullensvang senterungdom

Senterungdom: Sekretær Tiril Eiken, leiar Silje M. Fjærtoft og kasserar Pauline Kvåle i Ullensvang Senterungdom.

Senterungdom: Sekretær Tiril Eiken, leiar Silje M. Fjærtoft og kasserar Pauline Kvåle i Ullensvang Senterungdom. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fredag 12. september stifta ei gruppe ungdommar i Jondal nye Ullensvang senterungdom. No ønsker dei medlemmer frå Odda og Ullensvang.

DEL

– Foreløpig er det fire personar i styret, men alle er frå Jondal, difor ønsker vi to representantar til. Dei vil vi skal vere frå Odda og Ullensvang, seier leiar Silje Margrethe Fjærtoft.

Ho fortel at partiet framover mellom anna vil jobbe for desentralisering og like tilbod i heile den nye kommunen.

– Det vil vere viktig for oss å kjempe for tryggare vegar i kommunen. Vi vil og jobbe for at det skal vere tilgjengelege bustadtomter i heile kommunen, seier ho.

For å skape samhald i kommunen ønsker dei ei ordning som «Trygt heim for ein 50-lapp» for å gjere det lettare å delta på arrangement rundt om i kommunen.

På stiftingsmøtet, vedtok ungdomspartiet og ein uttale mot vindkraftutbygging på Folgefonnhalvøya.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken