Redningsaksjon ved Buarbreen: Forsøkt henta ut med luftambulanse

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet melder at ein mann har falle og er forsøkt henta ut med luftambulanse.

DEL

Naudetatane er i området ved nedre Buarbreen, etter at ein mann har falle.

- Han er forsøkt henta ut med luftambulanse. På grunn av vêr må bakkemannskapa henta ut mannen. Mannskap frå lokalt Røde Kors bistår med dette, skriv politiet på Twitter.

- Det er snakk om ein eldre kar som har falle eit par meter. Han har slått seg og treng hjelp, seier Geir Telle, politibetjent ved Hardanger lensmannskontor.

På grunn av dei dårlege flyforholda må mannen kanskje bli frakta ut på båre. Luftambulansen avventar vêrbetring, medan Røde Kors-mannskaper har begynt å bevega seg oppover.

- Dersom forholda lettar kan det bli aktuelt at Sea King kjem inn og løftar han ut. Det er jo eit spørsmål om kor ein kan landa og når ein er oppe i fjellsidene her.

- Det har skjedd eit godt stykke på nedsida av nedste bretunge, ved ei naudbu, seier Telle.

Prioriteten no er å få henta mannen ut så fort som mogleg sidan han er skadd, men mannen er bevisst. Det er uvisst om det er snakk om ein turist, men mannen er ikkje norsk.

Artikkeltags