Politipatruljen låg plutseleg bak ein sjåfør som var etterlyst i to ulike politidistrikt

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

- Vi sjekkar ofte nummerskilta på dei som ligg framfor oss når vi er ute og køyrer. Denne bilen slo ut på mykje forskjellig, seier etterforskingsleiar Paul Henriksen.

DEL

Det var torsdag at Hardanger lensmannsdistrikt sin politipatrulje i Odda kom over ein mistenkeleg, polsk varebil.

– Det er slik at når vi er ute og køyrer, så sjekkar vi ofte nummerskilta på bilane framfor og bak oss. Denne bilen slo inn på mykje forskjellig, seier Henriksen.

Det viste seg at det var pågripingsordre på sjåføren, som var etterlyst i to ulike politidistrikt, då han har fått førelegg i straffesaker han ikkje hadde tatt stilling til.

– Han var meld for både smugling, trafikksaker og så vidare, seier Henriksen.

Han var med andre ord godt registrert hos politiet.

– Dersom det hadde vore slik at skjermen lyste raudt, hadde den gjort det her, kommenterer etterforskingsleiaren.

Den polske sjåføren vart arrestert av patruljen, og tatt med til lensmannskontoret. Der blei han gitt sine førelegg i diverse saker, før han fekk gå.

– Det er veldig spesielt at han plutseleg låg framfor politiet. Det er ikkje ofte ein møter på nokon som har så mange treff i registeret når ein er ute og køyrer, seier Henriksen.

Artikkeltags