Plager naboar med musikk på natta

For naboane er det eit gjentakande problem at ein person i Odda speler høg musikk midt på natta.

DEL

Det seier etterforskingsleiar Paul Henriksen.

Natt til onsdag ringde naboane igjen til politiet, då dei ikkje fekk sova grunna høg musikk frå naboen. Dette var rundt klokka fire på natta.

– Der kjem vi til å reisa ut og ta ein prat med han som speler høg musikk. Så får vi sjå om det blir oppretta ei anmelding, seier Henriksen.

Artikkeltags