Redningsaksjon på fjorden

Ein kajakk skal ha velta på Hardangerfjorden tysdag ettermiddag.

DEL

– Det kom litt ulike meldingar, og kva som skjedde er framleis som litt uklart, seier politioverbetjent Vidar Litle-Kalsøy til HF.

Ferjesambandet Utne-Kinsarvik vart forseinka på grunn av hendinga, då dei var oppmoda om å delta i redningsaksjonen. Politiet fekk etter kvart melding om at dei ikkje trengde å assistere, og returnerte.

– Det skal ha gått bra. Personen, eller personane, som var i vantet skal ha kome i land i Kinsarvik, seier Litle-Kalsøy.

Artikkeltags