Eitt beslag i førarkort etter 88 km/t i 60-sona

DEL

Onsdag kveld hadde UP laser- og promillekontroll på nordsida av Fresviktunnelen, opplyser Arne Olsen ved Hardanger lensmannskontor.

- Det var skrive ut fem forenkla førelegg, seier Olsen.

Høgaste hastigheit var 100 km/t i 80-sona, og det var ingen med promille.

- På dagen i går var ein annan UP-patrulje i Røldal, der det vart tatt beslag i eit førarkort.

Vedkomande vart målt i 88 km/t i 60-sona.

Artikkeltags