Fann utbrent hytte på fjellet – politiet ber om hjelp

Politiet fekk laurdag melding om ei totalt utbrent hytte på Tveitnessætret.

DEL

(Kvinnheringen)

Stølen ligg på rundt 600 meter over havet, inn i fjellet frå Fureberg.

– Vi fekk meldinga laurdag etter at nokon fann stølshuset brent ned. Vi mistenker at det må ha skjedd i tidsrommet frå onsdag til laurdag førre veke. Dersom nokon kan hjelpa oss med informasjon, blir vi glade for det, seier lensmann Sigurd Børve til Kvinnheringen måndag.

Politiet reiser til fjells tysdag for å sjå på staden.

– Vi har også fått melding om ein øydelagt hengjelås på hytta som ligg like ved. Det, som kan sjå ut som eit innbrotsforsøk, blei oppdaga 21. august, kommenterer Børve.


Artikkeltags