Behovet for snarlege tiltak både langs Tyssedalsvegen og i Opo-vassdraget er store

Terje Kollbotn under  Litteratursymposiet 2018.

Terje Kollbotn under Litteratursymposiet 2018. Foto:

Av
DEL

Interpellasjon:Interpellasjon til Odda kommunestyre 24.oktober 2018.

Helga 13. – 14. oktober fekk Odda nok ein gong oppleve konsekvensane av store nedbørsmengder, med flaum, nye ras og stengde vegar. Mange innbyggjarar opplevde angst og redsel for liv og helse.

Behovet for snarlege tiltak både langs Tyssedalsvegen og i Opo-vassdraget er store. Planane for permanent rassikring langs Tyssedalsvegen (rv.13) må snarast bli gjennomført, etter at Deildo-prosjektet lenger ute i Sørfjørden no er avslutta.

Langs heile Opo-vassdraget må ei rekkje tiltak på kort sikt bli satt i verk. Dei viktigaste tiltaka er m.a. å utvide utfallsosen og senke terskelen ved utløpet av Sandvinsvatnet ved Vasstun og grave opp (mudre) elvemassar frå Sandvin til Grønsdal/Skare.

Desse massane kan nyttast til å heve landet langs elva i Odda-dalen. Ved å senke normalvannstanden i Sandvinsvatnet med t.d. ein halv meter, vil flaumfaren på Sandvin og Hildal bli redusert.

I tillegg må forsterking og heving av murar på begge sider av nedre del av elva og sikring nederste Opo-brua (rv-13) snarast bli sikra. Samstundes må det bli satt av midlar til å utgreie og prosjektere ei rekkje større og mindre tiltak på lengre sikt. Desse tiltaka krev at statlege styresmakter stiller opp både med prosjektering og finansiering gjennom Statens Vegvesen og NVE.

Statsbudsjettforslaget for 2019, som regjeringa nyleg la fram, inneheldt ikkje auka satsing til ras- og flaumsikring. Det var svært skuffande. Difor må Odda kommunestyre ta eit felles og snarleg initiativ til å endre dette. På denne bakgrunn foreslår eg på vegne av Raudt:

1. Odda kommunestyre vedtar 24. oktober ei felles fråsegn til alle partia og involverte komitear på Stortinget med krav om auka midlar i statsbudsjettet 2019

2. Odda kommunestyre setje ned eit eige strategiutval med ordføraren og alle gruppeleiarane for å påverke Stortinget til å løyve nok midlar til ras- og skredsikring i Odda i statsbudsjettet 2019.

3. Odda kommunestyre inviterer nabokommunane Ullensvang og Jondal, og Hordaland fylkeskommune om å støtte desse initiativa.

Vil ordføraren støtte desse forslaga, og kva vil ordføraren gjere i tillegg for å få på plass finansiering av snarlege ras- og flaumsikringstiltak i Odda?

Artikkeltags