Desse regelendringane kan påverke økonomien din neste år

Av

Skatt på diettpengar ved reiser, vrakpant på mopedar, billegare øl frå mikrobryggjeri og billegare sjokolade. Ei rekkje økonomiske endringar skjer ved nyttår.

DEL

Som vanleg er det mange endringar i avgifter, skattesatsar og andre økonomiske regelverk ved årsskiftet. Her er eit utval av dei:

Skatt på diettpengar ved jobbreiser:

Frå 1. januar innfører regjeringa ei ordning der ein må skatte av diettpengar på jobbreiser dersom summen overstig ei viss grense. På reiser med overnatting på hotell er den nye skattefrie satsen sett til 578 kroner, uansett om ein reiser innanlands eller utanlands.

Tidlegare har ein sloppe skatt så lenge diettpengane held seg innanfor satsane til staten, men no vil desse satsane i fleire tilfelle vere høgare enn den skattefrie grensa. Til dømes er diettillegget for Danmark på 1.190 kroner. Også fleire arbeidsplassar i det private næringslivet nyttar seg av satsane til staten.

På dagsreiser som varer imellom 6 og 12 timar, blir det innført ein skattefri sats på 200 kroner, mens satsen blir på 400 kroner for reiser over 12 timar.

Regjeringa reknar med å dra inn 115 millionar kroner i ekstra skatteinntekter på denne måten.

Kommunane kan ikkje innføre store hopp i eigedomsskatten:

Det blir innført ein regel som seier at kommunane berre kan auke satsane på eigedomsskatt med 1 promille av takstverdien av eigedommen i året. Det same gjeld for bustad- og fritidseigedom.

I tillegg kan kommunar som innfører eigedomsskatt for første gong, berre krevje 1 promille av takstverdien det første året.

I tillegg blir produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar fritekne for eigedomsskatt.

Moglegheiter for lågare formuesskatt:

Dei såkalla verdsettingsrabattane gjer at ein ikkje betalar full formuesskatt på aksjar og aksjefond. Neste år aukar denne rabatten frå 20 til 25 prosent.

I tillegg blir beløpet auka for når formuesskatten byrjar å gjelde. Botnfrådraget blir sett til 1,5 millionar kroner i 2019, mot 1,48 millionar kroner i skatteåret 2018. For ektefellar som blir skattlagde under eitt, blir summen 3 millionar kroner.

Forskotstrekk på tips-inntekter:

Folk som får tips gjennom jobben må allereie skatte for det. Nytt frå neste år er at arbeidsgjevarar må innrapportere, gjere forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift av tips den tilsette får.

Utbyte blir del av Aksjesparekonto-ordninga:

Ordninga med aksjesparekonto blir utvida til å også gjelde utbetaling av utbyte frå aksjar. Dermed slepp ein å skatte av utbyte før ein tek ut pengane. I tillegg blir det også opna for at verdipapir kan overførast mellom eigne kontoar utan skattlegging.

Ein kan gi meir til frivillige organisasjonar og framleis få avdrag:

Frå 1. januar blir grensa heva for kor mykje ein kan gi til visse frivillige organisasjonar og framleis få skattefrådrag, frå 40.000 kroner til 50.000 kroner.

Billegare øl?

Små ølbryggjeri slepp å betale like mykje avgift som før – noko som kan bety billegare øl. Endringa gjeld bryggeri med årleg produksjon på under 500.000 liter øl.

Vrakpant på fleire nye typar køyretøy:

Det blir innført vrakpant på fleire nye typar køyretøy. Satsane er slik:

Mopedar og motorsyklar: 500 kroner

Campingvogner og lastebilar: 3.000 og 5.000 kroner

Satsen på vanlege bilar blir vidareført på dagens nivå (2.400 kroner)

Billegare godteri: 

Sukkeravgifta på sjokolade og godteri vart sett opp med heile 83 prosent ved førre årsskifte, noko som førte til kraftige protestar frå bransjen. Ved nyttår blir avgifta skrudd tilbake til 2017-nivå. Avgiftene på saft og brus, som òg vart auka i fjor, blir ikkje endra.

(Kjelde: Finansdepartementet)

(©NPK)

Artikkeltags