- Den dagen dei ikkje handlar her, er det ikkje bruk for oss

Førre veke vart Gerd Alvsaker Råen og dei tilsette møtt av ei plakatløype utanfor butikken på Utne. Der fekk dei mykje skryt frå kundar som er både nøgde med og takksame for at dei har nærbutikk og trivelege folk å handla hjå. Og eit hipp hurra for at Gerd (56) allereie har halde ut som kjøpmann i 15 år.