Bil køyrde i autovernet

Foto: Synnøve Nyheim

Foto: Synnøve Nyheim Foto:

DEL

Ved 09.40 tida måndag melde Vest politidistrikt at ein bil hadde køyrd i autovernet ved Freim i Odda. Bilen fekk hjulet utføre vegbanen, som førte til at den velta over på sida.

Sjåføren, ei kvinne i 40-åra, var åleine i bilen då hendinga skjedde på rv. 13. Ho vart ikkje skadd.

Politibetjent Arne Olsen opplyser at det ikkje er mistanke om rus, men at det vert oppretta sak.

– Vi har heller ikkje tatt beslag i førarkortet, seier Olsen.

Artikkeltags