Vegarbeidet nærmar seg slutten – varslar nytt prosjekt

DEL

Rassikringa nord for Eitrheimstunnelen går mot slutten.

– Det er ikkje folk der denne veka, men dei kjem att neste veke. Då skal dei vere ferdige innan dei neste 14 dagane, fortel byggeleiar Einar Selland.

Han fortel at nytt arbeid skal til innan kort tid.

– Portalen skal sikrast og utbetrast, seier Selland.

Det er no sett opp 300 meter med betongblokker, med 1,20 høgt gjerde på toppen. I tillegg er dei gamle gjerda reinska.


Artikkeltags