UP hadde promillekontrollar på Lofthus og i Odda

DEL

Frå klokka 18.30 til 20 torsdag hadde ein patrulje frå UP promillekontroll på Lofthus. 41 sjåførar vart kontrollerte, men ingen var påverka av alkohol. Ein fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte, opplyser politioverbetjent Svein Buer.

Frå klokka 22 til midnatt var det kontroll i Odda, men her var det ingen reaksjonar frå UP.

Artikkeltags