I løpet av helga har nokon stelt ein Volkswagen bilmotor frå Odda bilsenter.

- Den stod utandørs.  Det er ein heil bilmotor, og det er det vekt i, kommenterer politibetjent Paul Henriksen ved Hardanger lensmannskontor.

På bakgrunn av dette reknar han med at det har vore fleire tjuvar på ferde, og at dei har hatt tilgang på kjøretøy.

Båtmotor

Ein gang i løpet natta frå 12.-13. juni har det og vore tjuvar på ferde på Haustveit, som ligg ved indre Jåstad i Ullensvang.  Ein Yamaha båtmotor forsvann då frå ein molo ved Fv. 550.

- Vi er veldig interesserte i tips om nokon har sett nokon eller noko ein kan sjå i samband med tjuveriret. Saka er meld, opplyser Henriksen.

Han oppmodar og andre til å sjekka at deira motorar er der dei høyrer heime.

- Tek dei ein, tek dei gjerne fleire, seier politibetjenten.