Ti køyretøy fekk bruksforbod

Frode Myklatun og Svein Gunnar Vintertun under ein kontroll på Seljestad i 2012.

Frode Myklatun og Svein Gunnar Vintertun under ein kontroll på Seljestad i 2012. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

244 køyretøy var onsdag innom vegvesenet sin kontrollstasjon på Seljestad, Ti fekk bruksforbod.

DEL

– Av 244 køyretøy som var innom kontrollplassen på Seljestad i dag vart det sett nærare på 34. Av 10 bruksforbod var to islagde for overlast, to køyretøy var for breie medan eitt var for langt, eitt køyretøy mangla dispensasjon og sjåføren av eitt køyretøy vart meld til politiet for brot på høgde avgrensingane etter å teke oppi utstyr i ein tunnel på fjellet, skriv Svein Gunnar Vintertun i ei pressemelding.

Vidare heiter det at to fekk bruksforbod grunna manglande sikring av last. Det eine var ein semitrailer som var lasta med søppelballa, og surringane losna slik at lasta vart forskyvd ut over køyretøyet si breidda.

Les og: Sjåfør meld

– Eitt køyretøy fekk dessutan bruksforbod då sjåføren ikkje kunne framvise et gyldig transport løyve, melder Vintertun vidare i pressemeldinga.

Fem gebyr

Kontrollen gjekk føre seg frå klokka 9 til klokka 16 onsdag på Seljestad. Det vart i tillegg skrive ut fem gebyr.

– To for manglande dokument, eitt for dårleg dekk, eitt for manglande bombrikke avtale og eitt for overlasta køyretøy, opplyser Vintertun.

Artikkeltags