Promillekontroll midt på natta

DEL

Natt til søndag var det promillekontroll i Jøsendal. Sjåførane vart kontrollerte i tretida på natta, og politioverbetjent Øystein Torsnes forklarar at det dels skjedde med tanke på dei som hadde vore på Bluesfestival i Skånevik.

– Det var positivt resultat. Ingen vart stoppa med promille, kommenterer ein nøgd politimann måndag morgon.

Artikkeltags