Teater til Litteraturhuset

Babette: Gro Ann Uthaug som Babette og åtte andre personar i Tema Teater sin sceneversjon av Karen Blixens novelle. Foto: Tema teater

Babette: Gro Ann Uthaug som Babette og åtte andre personar i Tema Teater sin sceneversjon av Karen Blixens novelle. Foto: Tema teater

Babettes gjestebud, Karen Blixens legendariske novelle, kjem i teaterversjon til Odda no på laurdag, 30. november.

DEL

Babettes gjestebud er ein av dei store humoristiske og djuptgripande novellene av den danske forfattaren Karen Blixen (1885-1962). Den kom ut i samlinga Skjebneanekdoter i 1958, heiter det i ei pressemeldign frå Sentralbadet litteraturhus.

«Babette er flyktning frå Paris. Ho kjem til eit lite bygdesamfunn i Norge (Berlevåg på Finnmarkskysten), og blir innlosjert hjå to vaksne ugifte og strengt pietistiske søstre. Her blir Babette kokk, og lærar å lage velling, kålrotstappe og potetklubb. Søstre formanar henne om at «mat er kun for å gi næring, ikkje for nytelsens skuld.

Babette blir hos søstrene i 14 år. Men før ho kom til Norge var ho kjøkkensjef på ein av dei mest eksklusive restaurantane i Paris, noko søstrene ikkje veit.

Skodespelar Gro Ann Uthaug har tilrettelagt novella for scenen. Ho framfører stykket åleine og spelar heile ni ulike roller i den timen forestillinga varer.

Regi er ved Einar Dahl, og produksjon ved Tema Teater.

Sidan premieren i august har Babettes gjestebud vore på Norgesturné, mellom anna på eit utsolgt Sigrid Undsets hjem på Bjerkebæk».

Novella er og filmatisert. Babettes festmåltid for den vesle menigheten er klimaks i novella (og filmen). På tide å ta fram novella og lese om kva skilpaddesuppe og vaktel i sarkofag gjorde med gjestene rundt bordet i Blixens fortelling. Men først: Babettes gjestebud som teater på Litteraturhuset i Odda!


Artikkeltags