Klaga på rånarar

Parkeringsplassen ved Statens vegvesen på Eitrheim er populær.

Parkeringsplassen ved Statens vegvesen på Eitrheim er populær. Foto:

DEL

Laurdag kveld fekk Hardanger lensmannsdistrikt inn klage om bråk på Statens vegvesen sitt område på Eitrheim i Odda. Ein patrulje rykka ut.

– Vi snakka med nokre rånarar, fortel politibetjent Sindre Skartland.

Laurdag ettermiddag kontrollerte politipatruljen også ein moped ved Apold. Denne hadde eit laust bakhjul og fekk bruksforbod.

Fredag vart politiet varsla om eit dieseltjuveri frå Seljestad. Det er ikkje klart om saka vert meld.

Artikkeltags