Laserkontroll i Røldal og promillekontroll i Odda

Politibetjent Nina Lysfjord-Storø på jobb for UP sommaren 2018.

Politibetjent Nina Lysfjord-Storø på jobb for UP sommaren 2018. Foto:

DEL

Torsdag morgon hadde ein patrulje frå UP laserkontroll i Røldal. Politibetjent Nina Lysfjord-Storø opplyser at det vart skrive ut 20 forenkla førelegg.

– Høgste hastigheit var 83 km/t i 60-sona, seier Lysfjord-Storø.

Seinare på dagen var det promillekontroll i Odda sentrum. 110 sjåførar vart kontrollerte, og det vart skrive ut eit gebyr for å ikkje ha nytta belte.

Artikkeltags