Vellykka gjenoppliving: – No har vi veldig bra aktivitet

Konfirmasjon: Påmeldinga til konfirmasjon i regi av Human-Etisk Forbund er no open. Silje Heidisdatter Pedersen og Tommy Tverdal gler seg til å ta i mot nye konfirmantar.

Konfirmasjon: Påmeldinga til konfirmasjon i regi av Human-Etisk Forbund er no open. Silje Heidisdatter Pedersen og Tommy Tverdal gler seg til å ta i mot nye konfirmantar.

Artikkelen er over 2 år gammel

Human-Etisk Forbund i Indre Hardanger stod i fjor i fare for å døy ut. Etter ein vellykka konfirmasjon i vår gler det nye styret seg til fortsettinga.

DEL

– Det vart gjort ei spørjeundersøking der både foreldre og konfirmantar var svært nøgd med både seremonien og undervisninga i Odda, fortel Tommy Tverdal.

Saman med Silje Heidisdatter Pedersen hadde han ansvar for konfirmantane i fjor, og no er dei klare for å ta i mot eit nytt kull.

– Påmeldinga er open, og vi vil ta i mot dei som ønsker eit alternativ til det å konfirmere seg i kyrkja, seier dei.

I den humanistiske konfirmasjonsundervisninga går ei gjennom tema som menneskerettar, kritisk tenking og rasisme

– Så er det ikkje slik at vi skal stå og prate i to timar, det handlar mykje om at dei sjølv skal komma med innspel og diskutera, seier Pedersen, som legg til at det var veldig kjekt å sjå ungdommane opna seg og bli meir trygge gjennom undervisninga i fjor.

Samarbeid

Human-Etisk Forbund i Indre Hardanger stod i fare for å ikkje kunna tilby humanistisk konfirmasjon i fjor. Men med eit nytt styre på plass for første gong på fem år, gjenoppliva dei planane om eit aktivt lokallag. No har dei også gått inn i eit tettare samarbeid med Kvinnherad, der Tverdal og Pedersen mellom anna skal hjelpa til med konfirmasjonsundervisninga.

– No har vi hatt veldig bra aktivitet innanfor styret. Framover håpar vi å få til aktivitetskveldar også, seier Pedersen.

Dei kan også henda blir i samarbeid med Kvinnherad, og planen er at dei skal vera opne for alle.

– Då kan vi til dømes hyra inn folk til foredrag, og legga opp til diskusjon. Vi vil setta litt spørsmålsteikn ved ting, og kanskje komma fram til nokre svar, seier Tverdal.

– Og så kan folk komma seg litt ut av huset, legg Pedersen til.

Indre Hardanger sitt styre har også fått ein eigen representant i fylkesstyret til Human-Etisk Forbund, då Per Kristian Eilertsen er valt inn som representant.

– Det gjer at vi har ei stemme inn der, og det er vi stolte av, seier Tverdal.

Sjølv om det er lenge sidan det har vore slik aktitivet i styret, har lokallaget over 200 medlemmer.

– Det er mykje samanlikna med mange andre stader. Dei fleste høyrer vi ikkje så masse frå, men nokre kjem og pratar med oss, eller kjem på eit møte, seier Pedersen, og oppfordrar alle som vil til å bli med.

Artikkeltags