Innringar frå Odda rapporterte om raset

Det har gått eit steinras i fjellsida over Freim/Ragde.

DEL

Raset, som var godt synleg frå Odda sentrum, vart rapportert inn av ein innringar.

Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen i Hordaland seier naudetatane rykker ut til staden for å sikra seg om at det ikkje er nokon i raset, sikra området, og at raset ikkje kan gå vidare.

Vest politidistrikt skriv på Twitter at dei har fått inn fleire meldingar om raset.

- Raset skal ha stoppa 100 meter unna busetnad. Det er ikkje meld om skadde, og det er ikkje meld om at hus eller biler skal vera tatt av raset, skriv dei.

Ikkje evakuering

- No skal brannvesenet opp og gjera ei synfaring i byggefeltet, så må vi truleg ha inn geolog for å vurdere om det er fare for ytterlegare ras der oppe, seier innsatsleiar Svein Buer til HF på staden.

11.38 melder politiet at dei har vore på staden saman med representantar frå kommunen.

- Det er ikkje naudsynt med evakuering av nærliggande hus. Politiet avsluttar sitt arbeid på staden, skriv dei.

Brannvesenet har også avslutta sine undersøkingar på staden.

- Det blir oppretta lyttepost gjennom dagen og natta. NVE og geolog vil sjå nærmare på det i morgon tidleg, skriv dei på Twitter.

NVE sender geolog eller radar

Teknisk sjef i Odda kommune, Anton Langeland, seier kommunen har sett ut lyttepost, som vil sjå og lytta på om det er meir aktivitet i fjellsida.

- NVE er kontakta, og dei har gitt uttrykk for at dei vil senda anten ein geolog eller ein radar som kan brukast til å ta kontinuerlege målingar av rasaktiviteten over ein periode, for å vurdera om fjellpartiet er stabilt, seier han.

Han legg til at begge delar er gode løysingar.

- No virkar det stabilt, men vi må berre følga med på situasjonen vidare, seier Langeland.

Kommunen melder på sine nettsider tysdag ettermiddag at området blir inspisert av kommunegeolog i helikopter i løpet av dagen.

Artikkeltags