Sanna, Aurora Elisabeth og Anne-Sofie har ikkje fått barnehageplass i Odda

Artikkelen er over 4 år gammel

Då døtrene vart fødde i oktober trudde ikkje foreldra barnehageplass ville verta noko problem, men til hausten må Sanna pendla til Jondal med mamma. Foreldra til Anne-Sofie veit ikkje kvar dei skal plassera dottera når permisjonstida er over.