Vetle Mikkelsen frå Odda fekk plass i Nynorsk avissenter

Odding: Vetle Mikkelsen.pressefoto

Odding: Vetle Mikkelsen.pressefoto

Artikkelen er over 2 år gammel

Berre unge menn til Nynorsk avissenter.

DEL

Det tiande kullet med nynorskpraktikantar starta opplæringa i Nynorsk avissenter på nyåret, med Firda Media som vertsavis og klasserom. Ein av dei er Vetle Mikkelsen frå Odda

For første gong er det berre unge menn i Nynorsk avissenter.

No ventar fire intense månader med produksjon og teori i Førde, før praktikantane får prøve seg i ein annan redaksjon i to månader.

For første gong er det berre karar i kullet. Sidan starten i 2013 er det likevel eit klart kvinnefleirtal, med 60 prosent kvinner. Med vårens kull har i alt 41 praktikantar fått opplæring i språk og journalistikk i Nynorsk avissenter. Vel halvparten av dei som har fullført utdanninga, arbeider i dag som journalistar.

Vetle Mikkelsen (21) kjem frå Odda, men har budd dei to siste åra i Bergen der han har studert kjønnsstudiar og kulturvitskap. Engasjementet for nynorsk og språkmangfald byrja på vidaregåande skule i Odda, der han bytte hovudmål frå bokmål til nynorsk.

– Det gjekk eit ljos opp for meg, og eg oppdaga den språklege identiteten min, fortel han.

Mikkelsen har vore styremedlem i Sørfjorden Målungdom og lokallagsleiar i Skeiv Ungdom Hardanger og landsstyrerepresentant i Skeiv Ungdom. Han er ein ivrig debattant og meiningsberar, mellom anna i Aftenposten.

Artikkeltags