Odda ungdomsskole fekk målprisen 2016

PRIS: Sven Olaf Brekke tok i mot prisen frå Odda Mållag og Knut O Dale. Trykket «Bokstavflygarar» av Solfrid Aksnes. Foto: Håkon Tverdal

PRIS: Sven Olaf Brekke tok i mot prisen frå Odda Mållag og Knut O Dale. Trykket «Bokstavflygarar» av Solfrid Aksnes. Foto: Håkon Tverdal

Artikkelen er over 2 år gammel

Førre helg fekk Odda Ungdomsskole Målprisen 2016 av Odda Mållag.

DEL

Prisen vart delt ut på kulturkvelden i Odda Mållag.

«I Odda er det svært få nynorskelevar som byter hovudmål. I grunnskulen er det ingen som byter. I landsmålestokk byter halvparten av nynorskelevane hovudmål, og i somme område, som Rogaland og Valdres, er målbytet endå større», påpeikar Mållaget i grunngjevinga for prisen.

Skuleåret 2016/17 var det ingen Odda-elevar som har skifta skriftspråk blant avgangselevane på studiespesialiserande studieretning. Desse elevane har altså hatt nynorsk som opplærings- eller hovudmål alle dei 13 åra dei har gått på skule, frå dei var 6 år til dei no er 19 år gamle.

«På Odda ungdomsskole har elevane i alle år fram til skuleåret 2016/17 gått i språkdelte klassar på ungdomssteget. Denne språkdelinga har lærarane fylgt opp i praksis. Dei har vore lojale mot det språkvalet som foreldra gjorde då borna var 5 år gamle», meiner Mållaget.

Denne ordninga, som òg har vore omtala som Oddamodellen, meiner Mållaget er eit pedagogisk gode både for bokmåls- og nynorskelevane.

«Og ikkje minst fører det til at elevane vert glade i hovudmålet sitt», skriv Mållaget.

Det er for lojaliteten for språkvalet til foreldra, og for viljen til å gje nynorskelevane gode vekstvilkår slik at dei vert trygge og kompetente nynorskbrukarar, kollegiet på Odda ungdomskole fekk Målprisen for 2016.

Artikkeltags