No er det forbode med oljefyring – 20.000 anlegg kan framleis vere i drift

Av

Frå 1. januar er det forbode å fyre med vanleg fyringsolje i Noreg. Likevel anslår Enova at 20.000 oljefyrkjelar framleis kan vere i drift.

DEL

– Det kan vere så mange som 20.000 oljefyringsanlegg i drift framleis, men vi håper og trur det er færre, seier marknadssjef Gunnel Fottland i Enova til NRK.

Forbodet mot bruk av fyringsolje og parafin til oppvarming har vore varsla i fleire år, og føremålet er å redusere klimagassutsleppa.

Ifølgje regjeringa er forbodet rekna til å redusere utsleppa med minst 340.000 tonn CO2 årleg i gjennomsnitt over perioden 2016–2035. Det svarer omtrent til utsleppa frå alle personbilar og lettare køyretøy i Oslo.

I norske hagar ligg det framleis mange nedgravne oljetankar som utgjer ein ureiningsfare, og kommunane prøver no å få ei oversikt. Lekkasje frå tankane kan føre til store kostnader for eigaren.

Ei oppgraving eller attfylling er rekna til å koste mellom 10.000 og 30.000 kroner. Til samanlikning vil ein lekkasje koste alt frå 40.000 til fleire millionar kroner, har Miljødirektoratet tidlegare opplyst.

Sjukehus med døgnkontinuerleg pasientbehandling og driftsbygningar i landbruket har fått utsett frist til 1. januar 2025 for å innføre fornybare oppvarmingsløysingar.

Fritidsbustader som ikkje er kopla til straumnettet slepp unna forbodet.

Artikkeltags