Mann knivstukken i Odda

Av

24-åring køyrd til Odda sjukehus etter å ha blitt knivstukken tysdag kveld.

DEL

Politiet blei varsla om hendinga klokka 21.

– Det har vore ei hending der ein person er pågripen, mistenkt for å ha knivstukke ein annan, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt til BA.

Hendinga skjedde utanfor ein bustad i Odda. Mannen som er sikta i saka er 36 år gammal. Han blei pågripen av politiet på sin bupel tysdag kveld.

Den skadde, ein 24 år gammel mann, blei køyrd til sjukehus i Odda.

– Dette er to personar som kjenner kvarandre, og det har vore ein foranledning til hendinga, sier Sætre.

Nabokrangel

Lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik, seier til HF onsdag føremiddag at mannen som er sikta i saka framleis sit i forvaring hjå politiet.

- Vi er ferdige med åstadsgransking, og vil i dag prioritera avhøyr av dei impliserte og moglege vitne, seier han.

Ifølge Kvalvik skal det ikkje vera snakk om livstruande eller alvorleg skade på den 24 år gamle mannen.

- Det har vore ei form for nabokrangel som har utarta seg og enda med knivstikking/knivrisping, fortel Kvalvik.

Artikkeltags