Stig ber folk melde frå dersom det utviklar seg i feil retning

Stig Hope, beredskapskoordinator i Ullensvang kommune.

Stig Hope, beredskapskoordinator i Ullensvang kommune. Foto:

Det er meldt mykje nedbør det komande døgnet, og dei tre kommunane har lagt ut varsel på heimesidene sine.

DEL

Farevarsel for mykje nedbør og jordskred- Det er lagt ut farevarsel for mykje nedbør og jordskred. Me har vore tidleg ute med førebyggjande tiltak, som me starta med allereie tysdag, fortel beredskapskoordinator i Ullensvang kommune, Stig Hope.

Elles er dei i tett dialog med Statens vegvesen og andre aktørar.

- Ein bør halde litt kontroll med eigen eigedom, og det er greitt om folk følgjer med på om ting er i ferd med å utvikle seg og melder i frå dersom det utvikler seg i feil retning, seier Hope.

Han minner om at det er viktig å vere obs langs vegen, og tilpasse farta i høve vatn i vegbanen.

- Me satsar på at det går greitt, men me vil følgje med vidare. Det er ikkje kome inn noko meldingar enno, avsluttar Hope.

Artikkeltags